Hålandsdalen Montessoriskule søkjer montessoripedagog 100%

Hålandsdalen Montessoriskule ligg i Fusa kommune og har om skuleåret 2017/2018 51 elevar frå 1-7. trinn.

Skulen ligg på Holdhus med om lag 1 time reisetid til Bergen og Norheimsund samt om lag 45 minuttar til Os. Hålandsdalen er kjent for sin vakre natur og gode fiskevatn. I bygda er det eit levande og engasjert lokalsamfunn med gode aktivitetstilbod for både barn og vaksne. Sjå vår heimeside og vår facebook-side.

Me søkjer etter lærar med grunnskulelærar- og montessoriutdanning for fast tilsetjing. Det er ei forutsetjing at ein beherskar norsk munnleg og skriftleg.

Pedagogen må vere med å vidareutvikle vår skule i samarbeid med vårt dyktige og engasjerte personale. Skulen er svært godt driven og det er eit nært og godt samarbeid med bygda og lag i lokalmiljøet. Skulen har òg eit nært samarbeid med andre Montessoriskular i regionen.

Me søkjer lærar som:

  • Har grunnskule-/allmennlærarutdanning
  • Har utdanning innan montessoripedagogikk
  • Er ein tydeleg, engasjert og respektfull vaksen med fokus på klasseleiing
  • Har samarbeidsevne, er utviklingsorientert, fleksibel og kan jobbe både sjølvstendig og i team
  • Har vilje og evne til å skapa gode relasjonar med elevar, foreldre og kollegaer

Me kan tilby:

  • Eit triveleg kollegium med god fagleg kompetanse og eit støttande arbeidsmiljø
  • Ein ny og spennande arbeidsplass med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Lønn etter lønnstabell i KS
  • Lønnstillegg for formelt godkjente montessoripedagogar
  • Innmelding i Statens Pensjonskasse
  • God forsikringsordning

Søkjarar må leggje fram gyldig politiattest.

Næringslivet i Fusa er variert og treng meir arbeidskraft. Me kan hjelpe til med å skaffe jobb i nærområde for ein eventuell partnar. Me hjelper til med å skaffe bustad og hjelper gjerne til med flytting.

Alle søknadar blir behandla konfidensielt.

Tiltreding: 2.januar 2018

Søknadsfrist: Fortløpande

Kontaktperson:  Melinda Hjelm Hatletveit, tlf: 990 37 870, e-post:  melinda@hmskule.no

Send Søknad og CV til post@hmskule.no eller Hålandsdalen Montessoriskule, Hålandsdalsvegen 532, 5640 Eikelandsosen